Narvik-fotograf Robin Lund saksøkte sju aktørar for bruk av hans bilder utan tillatelse. Unngå å kome i same situasjon ved å bruke bilder du faktisk har lov til å bruke – heilt gratis.
Dei sju aktørane i denne rettsaka blei krevd for opp mot 11.000 kroner for bruk og erstatning, men retten kom fram til at erstatningssummen skulle vere 200 kroner. Dommen er anka og du kan lese heile saka her.
Det er lett å bli avslørt
Dei fleste har eit veldig avslappa forhold til åndsverkslova og tenker/håpar at dei bildene som dukkar opp på Google er lov til å bruke. Du skal likevel vite at det er forholdsvis enkelt å bli avslørt dersom du brukar bildet på ein offentleg nettstad, som f.eks. ein blogg eller Facebook.
Det er noko som heiter Google Lens (eller “reverse image search”) som gjer det lett å bli avslørt.
- Søk opp eit bilde på Google ved å bruke Google Chrome-nettlesaren.
- Gå til fana som heiter “Bilder”.
- Høgreklikk på ønska bilde og velg “Søk etter bildet med Google Lens”.
- Du får no opp alternativ som har visuelt samsvar med det aktuelle bildet.
Dette fungerer også fint på telefon om ein brukar Chrome-nettlesaren.
Slik finn du bilder du kan bruke gratis
Så, for å unngå å havne i ein situasjon kor du blir avkrevd for fleire tusen kroner for ulovleg bruk av bilder kan du søke opp bilder på tenestar som tilbyr dette gratis – eller det vil seie med lisensiering som gir deg lov til å bruke bildet. Før du set i gong har eg nokre tips:
- Søk på engelsk for å få så mange treff som mogleg. Nokre stadar kan ein søke på norsk, men da med færre treff.
- Du er sjølv ansvarleg for å sjekke lisensen på kvart bilde du lastar ned. Du finn som regel ein link til ein beskrivelse på kvart bilde.
- Du må vere obs på at det òg kan vere ting du ikkje får lov til, som t.d. å selge bildene.
- Du må vere obs på at det i søket kan dukke opp lenker til betalte tenestar, som t.d. iStock.
- Dei færraste krever attribusjon til fotograf, men eg syns det er ein fin praksis å gjere dette.
Gratis bilder
Pexels.com
- Finst på både norsk og engelsk.
- Alle bilder og videoar på Pexels er gratis å bruke, men hugs å sjekke lisens per bilde.
Stock Up
- Søkemotor for mange ulike bildedatabaser.
- Det er ulike lisensar, men dei aller fleste er Creative Commons 0 – som kan brukast fritt.
Unsplash
- Alle bilder er gratis å bruke, men hugs å sjekke lisens per bilde.
Gratis illustrasjonar
Illustration
- Kule illustrasjonar i SVG (uendeleg storleik) og PNG (gjennomsiktig).
- TIPS: Du kan endre primær og sekundær farge FØR du lastar ned illustrasjonen.
- Det finst to seksjonar: ein gratis og ein premium.
Undraw
- Kule illustrasjonar i SVG (uendeleg storleik) og PNG (gjennomsiktig).
- TIPS: Du kan endre primærfarge FØR du lastar ned illustrasjonen.
Gratis ikon og symbol
Iconfinder
- Dei har faktisk ikon, symbol, 3D-illustrasjonar og klistremerker.
- Finst i PNG, SVG m.fl.
- Mykje er gratis, men dei prøva å få deg til å betale. Ver obs på dette.
- Det er mogleg å filtrere søket til å berre vise det som er gratis.
Flaticon
- Dei har faktisk ikon, symbol, animerte ikon og klistremerker.
- Finst i PNG, SVG, EPS, PSD and CSS.
- Mykje er gratis, men dei prøva å få deg til å betale. Ver obs på dette.
- Det er mogleg å filtrere søket til å berre vise det som er gratis.
Andre tips og råd: Korleis skrive teikn med aksentar på Mac
Det fins mange andre gode alternativ, men desse er dei eg brukar. Om du har forslag til andre tenestar som bør nemnast anbefaler eg deg å legge det inn i kommentarfeltet under. Det kjem kanskje ei meir omfattande oversikt etter kvart.
Om du vil lære meir om opphavsrett og lisensiering anbefala eg å ta ein kik på Creative Commons, Lov om opphavsrett til åndsverk] eller ei kort forklaring frå NTB.
2 Comments on “7 tenestar med gratis bilder”