Om Kristoffer

Dette er den personlege bloggen til Kristoffer Førde Aarskog og eg skriv om teknologi og digitalisering.

Grunnen til at eg har laga ein personleg blogg er for å bli betre til å skrive generelt sett, men òg betre til å skrive nynorsk. I tillegg er eg svært interessert i teknologi og eg har mykje eg ønsker å dele.

Profilbilde av Kristoffer Førde Aarskog

Karriere

Eg har jobba i reklamebyrå, webbyrå, innan byggevarebransjen og i rørbransjen. Eg har vakse opp på hotell og fått inn med morsmelka korleis ein skal yte service. Der lærte eg mykje om korleis det er å være gründer. Ein skal både ta oppvasken, lage og servere maten, betale lønningar og smile fint i resepsjonen. Sidan 2011 har eg jobba som frivillig med å utvikle Norges Footvolleyforbund og det Europeiske Footvolleyforbundet (EFVL), både som spelar og president og «head of administration».

Mine roller har vore mange. Prosjektleiar har eg vore mange gonger og ein innser etter kvart at ein som regel er prosjektleiar uansett om ein har det som tittel eller ikkje. Markedsføring og salg er viktig i nesten alt ein held på med. Webkonsulent og E-handelskonsulent var lenge min tittel og identitet. Å lage websider og nettbutikkar ligg i blodet mitt og det er også noko eg ofte syslar med på fritida.

Forretningsutviklar er ei rolle eg har hatt dei siste åra og eg synes det er svært interessant å vidareutvikle det som allereie finnast og ikkje minst finne nye forretningsområder. Eg har alltid vore interessert i innovasjon og har etter kvart lang erfaring med korleis ein skal jobbe med innovasjon innanfor etablerte selskap.

Fritid

Teknologi er òg ein fritidsaktivitet. Eg likar å lese meg opp på og teste ut ny teknologi. Dei siste åra har eg blitt meir interessert i fotografering og videoredigering.

Likevel brukar eg store delar av fritida mi på ulike typar sport. Eg er eigentleg glad i alt som involverar ein ball. Ei lang karriere med fotball har gitt meg skrøpelege kne, men i 2011 fann eg ei ny karriere innan footvolley – som eg framleis driv på med i dag både som spelar, trenar og frivillig. Sand er mykje betre for knea enn kunstgras. Eg er også glad i golf og den nye sporten padel. For å halde kroppen vedlike brukar eg òg mykje tid på treningssenter eller andre typar styrketrening. Eg var involvert i Crossfit i 3 år, og det lærte meg mykje om korleis eg kan trene meg sjølv.

Eg er 43 år gamal, frå Nordfjordeid og busatt i Oslo.