Ein chatbot har tatt heilt av i sosiale medier. Ja, ein chatbot. Ikkje den chatboten du aldri vil snakke med hos ditt forsikringsselskap. Nei, dette er ein chatbot på steroider som potensielt kan føre til store endringar innanfor mange ulike bransjer.

Om ChatGPT og OpenAI

Selskapet OpenAI står bak blant anna chatboten ChatGPT og det meir kjende bildegenereringsverktøyet Dall-E 2. Dette er prototypar som brukar kunstig intelligens (KI) og det som ofte blir omtala som generativ KI. OpenAI blei stifta av bl.a. Sam Altman og Elon Musk i 2015.


ChatGPT er ein KI-chatbot som fokuserar på brukarvennlighet og dialog. Den er basert på forsterkande læring, som er ein type maskinlæring, og den er trena opp med enorme mengder informasjon og menneskeleg tilbakemelding.


30. november blei ChatGPT lansert for offentligheten både for å vise fram dei nyaste framskritta innanfor kunstig intelligens og for å samle inn erfaring gjennom menneskeleg interaksjon. ChatGPT er gratis i denne fasen.


Test ut ChatGPT
: https://chat.openai.com/auth/login
Les meir om ChatGPT: https://en.wikipedia.org/wiki/ChatGPT
Les meir om OpenAI: https://en.wikipedia.org/wiki/OpenAI
Les meir om forsterkande læring: https://no.wikipedia.org/wiki/Forsterkende_læring

Dette er ChatGPT

ChatGPT er ein prototype på ein språkmodell som brukar forsterkande læring og naturleg språkprosessering til å generere menneskeliknande tekst. Dei færraste skjønar kva dette betyr, så mitt beste tips er å teste det ut sjølv. Enn så lenge er det gratis, men dette kan raskt endre seg.

I løpet av dei 5 første dagane hadde over 1 million mennesker oppretta konto og dette gjer denne tenesta til ei av dei raskast vaksande nokon sinne. Så lang tid tok det for andre tenester å oppnå 1 million brukarar:

  • Instagram: 3 månader
  • Facebook: 10 månader
  • Twitter: 24 månader
  • Netflix: 41 månader

Dette er med andre ord ei teneste som har vekka interessen hos folk.

Ein av dei største fordelane med ChatGPT er at den er lett å bruke. For å få modellen til å generere tekst, treng du berre å skrive ei setning eller eit spørsmål som start, og modellen vil deretter generere tekst som følgjer i same stil og emne. Den hugsar kva dokke har snakka om tidlegare i dialogen og du kan stille oppfølgingsspørsmål.

I tillegg er den lynrask. Det tek ofte berre eit par sekund frå du stiller eit spørsmål til du får eit svar.

Noko av det som har overraska meg mest er at ChatGPT allereie no kan brukast på ulike språk. Den fungerar faktisk på norsk, og veit forskjellen på bokmål og nynorsk. Dette er imponerande.

Eg kan òg nemne at ChatGPT er ganske flink til å skrive og forstå ulik programmeringskode. Spør om hjelp og du får svar.

ChatGPT eksempel muligheter og begrensingar
Når du tek i bruk ChatGPT blir du møtt av denne enkle oppsummeringa. Den viser eksempel på spørsmål du kan stille, samt muligheter og begrensingar.

Kildekritikk

Ei av dei største utfordringane med ChatGPT er at det er vanskeleg å stole på dei genererte resultata. Og ein veit ikkje korleis chatboten har komt fram til dette svaret. Ganske ofte får ein svar som er feilaktige, sjølv om det blir framstilt som fakta. Dette kan ha store konsekvensar dersom ein brukar ChatGPT til å besvare skuleoppgåver, skrive forskningsartiklar eller liknande.

Kildekritikk og kritisk tenking er noko av det viktigaste du kan lære deg i dagens samfunn. Med innføring av teknologi som ChatGPT vil dette bli endå viktigare.

Du må ikkje stole blindt på det første og det beste som dukkar opp – uavhengig av om det kjem via nyheter, onkelen din, Google eller ChatGPT.

Illustrasjon som viser dialog med chatboten ChatGPT om temaet pinnekjøtt og ribbe
Det nærmar seg jul og eg gledar meg til å ete julemat. ChatGPT meiner pinnekjøtt er laga av storfe. Dette er feil. Det er laga av sau. Ingen stor feil, men som du kan sjå framstår det som fakta.

Nokre eksempel

Når eg først starta å bruke ChatGPT fekk eg ikkje så mykje ut av det. Eg var rett og slett ikkje kreativ nok. Gjennom sosiale medier har eg no sett mange kreative eksempel på korleis ein kan få mest mogleg ut av ChatGPT.

Her er nokre kreative eksempel du kan lese meir om:

  1. Dylan Black brukte ChatGPT til å finne opp eit nytt språk.
  2. Amjad Masad brukte ChatGPT til å finne feil i programmeringskode og samtidig få ei forklaring.
  3. Gabe får hjelp til å få generert kode til ein footer med tre kolonner – i programmeringsspråka Tailwind og React.
  4. Tim Connors slit med å bli einig med ChatGPT om kva som er det raskaste pattedyret i verda.

I løpet av dei neste veken kjem vi til å sjå uendeleg med andre gode og dårlege eksempel.

Dette sit eg igjen med

Etter ei drøy veke med testing av ChatGPT kan eg ikkje seie anna enn at eg er svært imponert over kva muligheter som ligg i denne teknologien. Det er i tillegg ein hyggeleg overraskelse at vi allereie so tidleg i testfasen har tilgang til dette på norsk, både bokmål og nynorsk.

Mange trur at denne teknologien raskt vil føre til masseoppsigelsar og sterk disrupsjon innanfor visse bransjar. Eg er ikkje like sikker. Mi erfaring med teknologiske nyvinningar er at det tek tid å innføre varige endringar i våre daglege liv.

Entusiasmen og hypen kjem ofte frå innovatørar og tidlege adoptørar (sjå illustrasjon under). Det er først når tidleg og sein majoritet adopterar teknologien at det vil føre til store endringar.

Likevel er det slik at denne type teknologi kan auke det teknologiske gapet i samfunnet vårt. Vinnarane vil vere dei som er flinke til å innhente informasjon, beherske teknologi som Google søk og ChatGPT og i tillegg bruke kildekritikk.

Taparane vil vere dei som jobbar på den gamle måten. Ikkje fordi dei er mindre dyktige og mindre smarte, men fordi dei ikkje er raske nok.

Eg gledar meg til å sjå kva slags iterasjonar vi får av denne teknologien i framtida og korleis den blir teken i bruk i samfunnet vårt. Eg gledar meg òg til å sjå alle dei kreative måtane vi kan bruke ChatGPT på. Det er berre å følge med på sosiale medier dei neste vekene.

Illustrasjon av produktadopsjonskurve

About Kristoffer Førde Aarskog

Personleg blogg om teknologi og digitalisering.

View all posts by Kristoffer Førde Aarskog

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *