Mine medievanar har endra seg dei siste åra. Eg har ikkje lenger lineær-tv og min tv-underhaldning er no ymse streaming-tenestar, samt Youtube. Særleg Youtube har blitt populært dei siste åra.

Youtube har over 2.1 milliardar månadlege aktive brukarar og dei er annonsebasert. Dei har ein attraktiv delingsmodell med sine innhaldskreatørar (55% til kreatør og 45% til Youtube) og dette gjer det Youtube til eit interessant medium for å tene pengar. Det betyr òg at det er mange gode kreatørar å finne dersom ein leitar godt nok.

Eg har klart å bygge opp ei portefølje av interessante kanalar eg følgjer. Min interesse er spesielt innanfor teknologi og digitalisering, men som dokke kan sjå av lista mi under følgjer eg kanalar innanfor ein stor variasjon av kategoriar.

Eg set pris på folk som er gode på historiefortelling og då blir ikkje kategori så viktig.

Eit par Youtube-tips før du går vidare:

  1. Hugs å abonnere på dei kanalane du likar best. Trykk på “Abonner” og trykk på “bjella” for å få varslingar når det kjem ut nye videoar.
  2. Å lese kommentarar frå andre som ser same video gir videoen endå meir dybde. Ein moglegheit som du ikkje får på vanleg lineær-tv.
  3. Like og kommentér dei videoane du likar best. Dette hjelp videoen til å nå ut til fleire og er ei fin støtteerklæring til den som har laga videoen.
  4. Hugs at det er mogleg å installere Youtube på dei fleste nye smart-tvar, samt din Apple TV.
  5. Dersom du blir lei av reklame kan du kjøpe premium abonnement for omlag 69 kroner per månad.

Les meir: Den ultimate lista med gratis programvare

Dei fleste av mine kanalforslag er på engelsk, men eg har tatt med to norske kanalar eg likar svært godt. Eg håper det kjem fleire gode norske kanalar etter kvart. Lista over mine Youtube-favorittar 2022 er i vilkårleg rekkefølge.


🎥 Ymse

How to renovate a chateau

Youtube thumbnail med dame som står foran et slott

Følg den spennande reisa til ein familie som satsar alt dei har for å kjøpe eit falleferdig slott i Normandie, Frankrike. Ein av mine favorittar pga. veldig god historiefortelling og ein god dose tørr humor. Eg anbefalar å starte frå byrjinga.

Språk: Engelsk

DamiLee

Denne kanalen ramla eg innom for eit par månader sidan og det er ein kanal laga av arkitekten Dami Lee frå Canada. Ho snakkar om arkitektur og klarar å gjere dette interessant gjennom god historiefortelling. Eg er eigentleg ikkje interessert i arkitektur. Trudde eg.

Språk: Engelsk

Youtube thumbnail med dame som peikar på ei stor bygning

Stephen Antonioni

Youtube thumbnail med alvorleg mann som sit i ein stol

Det finst svært mange på Youtube som vil lære deg korleis du raskt kan bli millionær. Kanadiaren Stephen Antonioni er motstykket til desse. Han har eit svært edrueleg forhold til pengar og gir deg gode råd du kan bruke i det daglege. Han vekslar òg over på meininga med livet og sjølvrealisering. Han er ein svært god historiefortellar og legg ned mykje arbeid i videoane sine.

Språk: Engelsk

Eva zu Beck

Denne reisebloggen viser oss livet til polske Eva zu Beck som reiser verda rundt i sin Range Rover Defender. Her får du vere med på oppturar og nedturar. Ho har nettopp vore på det nordligaste punktet i Alaska og skal no køyre heilt til det sørlegaste punktet i Sør-Amerika. Ho reiser aleine, men har nyleg fått seg ein Schaefer-kvalp.

Språk: Engelsk

Youtube thumbnail med dame med intenst blikk foran eit motell

🎹 Musikk

Charles Cornell

Youtube thumbnail med mann som spelar piano

Dette er ein jazzmusikar som lagar mykje bra innhald knytta til musikk. Han går i dybden på mange ulike artistar og songar, noko som gir meg eit heilt nytt perspektiv. Han er veldig flink til å forenkle det kompliserte.

Språk: Engelsk

Frank Tedesco

Den dyktige pianisten Frank Tedesco brukar roulette-tenesta Omegle til å lage innhald på Youtube. Han ber folk om låtønsker og så spelar han det. Om han ikkje har høyrt sangen før brukar han eit minutt på å høre før han spelar songen. Lettbeint og morosamt. Og gøy å sjå kva ein kan gjere som dyktig musikar.

Språk: Engelsk

Youtube thumbnail med overraska dame og mann som spelar piano og høyrer på musikk på telefonen

Rick Beato

Youtube thumbnail med mann som spelar gitar

Om du er interessert i musikk anbefalar eg denne kanalen. Rick går i dybda på songar og gir deg eit innblikk i korleis dei er laga og kvifor dei er blitt populære.

Språk: Engelsk

Marc Rebillet

Mange trur ein må bruke mange år på skrive ei låt og få den gitt ut. Marc Rebillet set i gong sin live stream og så lagar han låtar på sparket. Dette er humor, alvor, musikalitet, talent og uhøgtidelighet i ein pakke.

Språk: Engelsk

Youtube thumbnail med mann som dansar i slåbrok medan han drikk øl og held ein mikrofon

📸 Video og Fotografering

Pierre T. Lambert

Youtube thumbnail med mann som sit på huk og tek eit bilde

Eg har begynt å interessere meg meir for fotografering og det finst svært mange ein kan følge. Dei vanlege er Peter McKinnon og Matti Haapoja, men eg likar stilen til Pierre T. Lambert. Mange gode tips og underhaldande videoar.

Språk: Engelsk

Casey Neistat

Ein Youtube-legende frå New York som sidan 2010 har vore eit av dei største namna på Youtube. Etter eit par år i Los Angeles, og utan å laste opp så mange videoar, har han no flytta tilbake til New York og begynt å poste igjen. Ein svært kreativ person og ein god historiefortellar.

Språk: Engelsk

Youtube thumbnail med mann i solbriller som står på eit glasgolv i ein høg skyskrapar

🇳🇴 Norsk

Magnus Midtbø

Youtube thumbnail med tre menn som poserar

Den kjende norske klatraren har bestemd seg for bli stor på Youtube, og det har han klart. Han har vokst til over 1.5 millionar abonnentar og han kjem med bra innhald knytta til trening og klatring. Imponerande av ein norsk Youtubar.

Språk: Norsk

Dr Wasim Zahid

I 2022 dukka Dr Wasim Zahid opp på radaren min og han deler mykje godt innhald om helse. Han har delt videoar på Youtube lenge, men har dei siste åra opplevd ei sterk økning i antall abonnement. Eg heiar på deg, Wasim.

Språk: Norsk

Youtube thumbnail som viser sjaman Durek Verrett og dr Wasim Zahid

📸 Bildet i toppen er basert på bilde av AQVIEWS hos Unsplash.

Dersom du har nokre Youtube-favorittar du vil eg skal sjekke ut kan du tipse meg her.

About Kristoffer Førde Aarskog

Personleg blogg om teknologi og digitalisering.

View all posts by Kristoffer Førde Aarskog

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *