For mange er eit Google-søk eit verktøy som raskt gir deg svar på det du lurer på. For andre er det ikkje like enkelt. Eit Google-søk gir alt for mange søketreff og det er vanskeleg å navigere seg fram til den nettstaden som gir det beste svaret.

Trikset er å bruke noko som heiter søkeoperatorar. Det finst mange av desse, men ikkje alle er like aktuelle for oss “vanlege brukarar”.

Les meir: Finstem nettsøk (ein artikkel frå Google)

To ting:

  1. Ikkje legg inn mellomrom mellom symbolet (operatoren) og søkebegrepet. Eit søk etter site:shifter.no vil fungere, men ikkje site: shifter.no.
  2. Eg har brukt klammer [] kun for å illustrere. Desse klammene skal ikkje vere med når du søker på Google.

Her er mine 6 favoritt-tips for å bli betre på Google Søk

1. Søkeoperatorar

Når du søker på Google kan du bruke noko som blir kalla søkeoperatorar. Desse små kodane hjelp deg med å fininnstille søket ditt og du får mykje betre, og færre, søketreff.

Dei neste fem punkta viser eksempel på søkeoperatorar.

2. SITE:[nettstad]

Eit søk som startar med site:[nettstad] returnerar kun søkeresultat frå ein spesifikk nettstad.

Eksempel:
Om du søker etter site:shifter.no vil søkeresultatet vere alle indekserte sider frå nettstaden shifter.no.

3. “[søkebegrep]”

Eit søkebegrep innkapsla av anførselsteikn returnerar søkeresultat som inkluderar alle ord innanfor anførselsteikna – og i denne rekkefølga. Du kan bruke shift+2 på både Mac og Windows for å få eit anførselseteikn.

Eksempel:
Om du søker etter "pinnekjøtt er bedre enn ribbe" (innkapsla i hermeteikn) vil du få 7 resultat. Om du søker etter pinnekjøtt er bedre enn ribbe (ikkje innkapsla i hermeteikn) vil du få over 34 000 treff.

4. -[søkebegrep]

Eit minusteikn foran eit søkeord ekskluderar søkeresultat som inkluderar dette søkebegrepet.

Eksempel:
Om du søker etter den beste julematen -ribbe vil du få over 260 000 resultat. Om du søker etter den beste julematen vil du få over 320 000 resultat.

5. FILETYPE:[pdf]

Spesifiser filtype og søkeresultat returnerar kun søkeresultat som inkluderar denne filtypen. Du kan t.d. bruke filtypar som pdf, docx, pptx, xlsx osb.

Eksempel:
Om du søker etter pinnekjøtt filetype:pdf vil du få over 5000 resultat. Om du søker etter pinnekjøtt vil du få over 1.7 millionar søkeresultat.

6. Kombinasjon av fleire operatorar

For å bli enda meir treffsikker, og få færre søkeresultat, er det anbefalt å bruke fleire operatorar i kombinasjon.

Eksempel:
Om du søker etter site:spar.no "den beste julematen" filetype:pdf vil du få kun eit einaste søkeresultat. Om du søker etter "den beste julematen" vil du få nesten 3 000 søkeresultat.


Sjå presentasjon

6 TIPS SOM GJER DEG BETRE PÅ GOOGLE SØK

About Kristoffer Førde Aarskog

Personleg blogg om teknologi og digitalisering.

View all posts by Kristoffer Førde Aarskog

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *