Internett er full av programvare og verktøy som kan gjere livet ditt enklare eller hjelpe deg med å løyse dine daglege utfordringar. Utvid horisonten din ved å prøve desse tipsa, som ikkje berre er gratis, men veldig bra.

Vi blir ofte låst i dei systema vi brukar på jobb og dei systema vi beherskar. Mi oppfordring er å gjere deg kjent med kva andre alternativ som finst der ute. Det kan vere du finn noko som passar deg betre.

Les meir: Den ultimate lista med gratis verktøy

Her er mine tips på 8 gratis verktøy eg anbefalar at du prøvar:

1. Notion

Notion logo

#️⃣produktivitet #️⃣notat #️⃣secondbrain

Notion er eit produktivitetsverktøy som gir deg mange moglegheiter. Det er svært fleksibelt og det er kun din eigen kreativitet som set grenser. Det som er spesielt med Notion er at det er bygd opp som ein database med eit skriveverktøy på toppen. Dei har i tillegg gjort det svært enkelt å kople saman innhald.

Du kan starte ved å bruke Notion som eit skriveverktøy og så utvide bruksområdet etter kvart. Mange brukar Notion som sin «second brain» for å organisere alle gjeremål i kvardagen.

✅ Nettlesar ✅ iOS ✅ Android ✅ Mac ✅ Windows

2. Figma

Figma logo

#️⃣prototyping #️⃣samhandling #️⃣design

Figma er eit verktøy for design, prototyping og samhandling. Det er enkelt å bruke og forstå og det er perfekt for samhandling.

Dei blei nyleg kjøpt opp av Adobe, men enn så lenge er det ei frittståande teneste og framleis gratis.

✅ Nettlesar | Eigne appar: ✅ iOS ✅ Android ✅ Mac ✅ Windows

3. Canva

Canva logo

#️⃣design #️⃣presentasjon #️⃣video

Canva er eit brukarvennleg grafisk designverktøy med mange ferdiglaga malar og utrulege moglegheiter.

Bruk Canva til å lage presentasjonar, plakatar, videoar, logoar m.m. Det er nesten ikkje grenser for kva du kan lage.

✅ Nettlesar | Eigne appar: ✅ iOS ✅ Android ✅ Mac ✅ Windows

4. Typedream

Typedream logo

#️⃣cms #️⃣nettstad

Typedream lar deg bygge di eiga nettside – heilt gratis. I tillegg er det svært enkelt å bruke.

Det er berre ei side som er gratis, men den kan vere så lang du berre vil.

✅ Nettlesar | Eigne appar: ❌ iOS ❌ Android ❌ Mac ❌ Windows

5. Duolingo

Duolingo logo

#️⃣språk #️⃣doscervezasporfavor

Duolingo lærer deg eit nytt språk gjennom ein enkel app.

Å lære eit nytt språk kan vere vanskeleg, men Duolingo gjer det til ein leik. Bokstavleg tala. Du kan velge mellom over 40 språk. Du kan veksle mellom mange forskjellige metodar for å lære og appen hugsar feil du har gjort tidlegare og minner deg på desse heilt til du beherskar dei.

✅ Nettlesar | Eigne appar: ✅ iOS ✅ Android ❌ Mac ❌ Windows

6. Unsplash

Unsplash logo

#️⃣illustrasjon #️⃣bilder

Unsplash gir deg tilgang på millionar av gratis bilder som du kan bruke fritt.

Det kan vere vanskeleg å finne gode illustrasjonsbilder til nettstadar og presentasjonar. Unsplash løyser dette utan at du risikerar å bli saksøkt av rettighetseigar.

Les meir: 7 tenestar med gratis bilder

✅ Nettlesar | Eigne appar: ❌ iOS ❌ Android ❌ Mac ❌ Windows

7. Youtube

Youtube logo

#️⃣underhaldning #️⃣inspirasjon #️⃣tipsogråd

Youtube gir deg tilgang på all verdas informasjon, underhaldning og lærdom.

Det kan kanskje virke litt rart å ta med Youtube på ei slik liste, men eg meiner at fleire må få opp augene for kor mykje bra innhald ein kan finne på Youtube.

Youtube har over 2.1 milliardar månadlege aktive brukarar. Tenesta er annonsebasert, men dei har ein attraktiv delingsmodell med sine kreatørar (55% til kreatøren og 45% til Youtube). Dette gjer lukrativt å laste opp bra innhold på Youtube.

Ta i bruk Youtube til å lære deg noko nytt, som t.d. korleis du kjem i gong med alle tipsa på denne sida. Søk på engelsk for å få flest søkeresultat og tilgang på dei beste kreatørane.

✅ Nettlesar | Eigne appar: ✅ iOS ✅ Android ❌ Mac ✅ Windows

8. Google Drive

Google Drive logo

#️⃣produktivitet #️⃣samhandling #️⃣enkelhet

Google Drive er eit Office 365- alternativ som er heilt gratis – og mykje betre.

Når du blir vant med Google Drive skjønar du at det er mykje betre enn Office 365. Her finn du fullverdige alternativ til Word, Excel og Powerpoint, m.m. I tillegg er det mykje betre til samhandling.

Alt du treng er ein Google-konto og ein nettlesar.

✅ Nettlesar | Eigne appar: ✅ iOS ✅ Android ❌ Mac ❌ Windows


About Kristoffer Førde Aarskog

Personleg blogg om teknologi og digitalisering.

View all posts by Kristoffer Førde Aarskog

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *