For ei veke sidan tok eg i bruk Mastodon for første gong. Eg ser på meg sjølv som ganske oppegåande når det gjeld teknologi, men å forstå Mastodon har vore ei utfordring.

Hovedgrunnen til dette er nok fordi eg har samanlikna det med Twitter. Dei mest hardbarka Mastodon-brukarane, dei som har brukt det sidan oppstarten i 2016, er ganske tydelege på at Mastodon slettes ikkje er ein Twitter-kopi. Likevel vil det, for dei aller fleste, vere nettopp det.

Inne på Mastodon er det no eit uendeleg mas om korleis Mastodon fungerer – litt som i starten av Twitter, må seiast. Dei rutinerte må lære opp dei nye slik at Mastodon kan halde fram med å vere Mastodon i tida framover.

– Ein tweetar ikkje, ein tutar.

– Det er ikkje ein like, det er ein favoritt.

– Ein retweetar ikkje, ein framhevar.

Alle forsøk på å bruke Mastodon på same måte som Twitter blir raskt slått ned på.

Alle desse meldingane og kommentarane gjorde meg berre meir forvirra. Eg bestemde meg difor for å lese dokumentasjonen på Fedi.Tips og artikkelen på elilla & friends’ very occasional blog thing – som ofte blir anbefalt. Dette er dokument ein burde fått studiepoeng for å lese gjennom. Mykje lesestoff og til tider ganske komplisert.

Kven i alle dagar gidd å lese gjennom alt dette? Det lasset av brukarar som no migrerar over frå Twitter er nok ikkje like tolmodige som eg har vore.

Enkelheita ved å bruke Twitter kjem i stor kontrast til kompleksiteten ved å ta i bruk Mastodon. Eg trur at det er denne kompleksiteten som kjem til å vere den største utfordringa til Mastodon framover.

LES MEIR: Er det på tide å forlate Twitter?

Min foreløpige definisjon

Etter ei drøy veke har det begynt å forme seg ein definisjon opp i mitt eige haud. Den er egentlig svært lang og omfattande, men eg skal prøve å korte det ned til det mest essensielle. Eg forventar å bli irettesatt inne på Mastodon ganske raskt  :

Mastodon er ein heil haug med små serverar (kalla instansar) satt opp med ein gratis open source-programvare som heiter Mastodon. Det vil seie at det ikkje finst ein stor server for alle (som Twitter), men mange små. Mastodon er difor desentralisert og Twitter er sentralisert. Kven som helst kan sette opp sin eigen server og lage sine eigne reglar for kven som får vere med eller korleis den skal bli moderert. Den som set opp serveren blir då administrator og kostnaden vil vere serverutgiftene per månad. Mykje billegare enn 44 milliardar dollar. Du finn dei fleste serverane på joinmastodon.com.

Du kan registrere deg som brukar (Brukar X) på den serveren du sjølv ønsker så lenge den er åpen og tek imot nye registreringar. Brukar X får då tilgang til denne serveren og alle brukarane der. Du kan følge folk på denne servaren og dei vil då bli enda meir synleg på veggen din. Alt innhald sorterast kronologisk (nyaste først) og du slepp reklame. Merk at det er viktig å bruke emneknaggar og delingar for å få større rekkevidde, sidan sjølve innhaldet i dine postar ikkje blir indeksert.

Og no blir det litt meir komplisert. Det spesielle med Mastodon er at du òg kan følgje folk frå andre instansar og deira postar og reaksjonar vil då bli synleg på veggen der du er medlem.

Les meir: 7 steg – Bli LinkedIn-ekspert på slide-dokument

Du kan flytte din brukar (Brukar X) til ein ny instans ved behov. Du må då opprette ein ny brukar (Brukar Y) hos ein annan instans og så er det mogleg å migrere til denne. Brukar X vil framleis eksistere, men du kan videresende til den nye brukaren. Merk at du ikkje kan flytte Brukar X rundt på fleire instansar og at Brukar X ikkje kan vere brukar på fleire instansar samtidig.

Kva vil skje framover?

I starten av Covid dukka det opp ei tjeneste som heiter Clubhouse – eit talebasert sosialt nettverk. Clubhouse kom inn som eit friskt pust og gav mange av oss muligheten til å sosialisere på ein ny måte. Det blei dritpopulært på kort tid – og så døde det heilt ut. Når samfunnet opna opp igjen kunne vi igjen sosialisere på den vanlige måten. Behovet for Clubhouse forsvann nesten over natta.

LES MEIR: Clubhouse – skapt for pandemi

Eg trur ikkje det same vil skje med Mastodon.

Personleg meiner eg at dette ikkje handlar om Mastodon skal ta over Twitter eller ikkje. Mastodon vil vere eit alternativ til Twitter. Eit alternativ som fungerar på ein heilt annan måte. På kort tid har totalt antall månadlege aktive brukarar i Mastodon-nettverket gått frå ca. ein halv million til over ein million. Og veksten er framleis sterk.

Kan Mastodon konkurrere med Twitters 288 millionar daglege aktive brukarar? Nei, ikkje med det første. Men om Elon Musk ikkje klarer å “berge” Twitter er det godt å vite at det finst eit fullgodt alternativ i Mastodon. Og det gjer det òg om Twitter lykkast

Eg er å finne inne på snabelen.no under namnet @bustebartebill@snabelen.no. Finn meg om du snublar inn på Mastodon så skal vi ta godt vare på deg.

PS: Eg logga nettopp inn på Clubhouse og fann berre 1 rom med 13 personar. Dei skulle nok solgt til Twitter for 4 milliardar dollar når dei hadde sjansen.

About Kristoffer Førde Aarskog

Personleg blogg om teknologi og digitalisering.

View all posts by Kristoffer Førde Aarskog

One Comment on “Dette er Mastodon – trur eg”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *