Den ultimate lista med gratis programvare

Illustrasjon av mann som jobber foran pc og drikker kaffe

Det finst svært mykje bra programvare der ute og mange av dei er gratis. Her er ei liste som blir løpande oppdatert etter kvart som eg kjem over ny programvare.

Sist oppdatert: søndag 11. desember 2022

Før du hoppar i det bør du tenke over kvifor programvara generelt sett er gratis:

  1. Dei som står bak ønskjer å bygge opp ein stor brukarbase og deretter begynne å ta betalt.
  2. Dei som står bak tilbyr ein strippa versjon med mindre funksjonalitet og ønskjer å få alle over på betalt abonnement. Det kan vere mykje mas om å flytte over på «premium».
  3. Dei som står bak bruker programvara til å samle inn data om deg. Din data er betalinga.
  4. Det kan òg hende at dei som står bak ikkje har nokon baktankar og at dei berre har lyst å dele eit godt verktøy med verden.

Du bør generelt sett vere forsiktig med kva programvare du lastar ned og installerar på di datamaskin. Ikkje alt som glitrar er gull.

Mine absolutte favorittar er markert med ⭐️.


Kategoriar
🖼️ Design og bildebehandling
🧑🏻‍💻 Produktivitet og samhandling
📸 Foto- og illustrasjonsarkiv
📊 Databehandling og visualisering
🌎 Bygge nettstad
🤖 Automasjon og kunstig intelligens


🖼️
Design og bildebehandling

  • Canva – grafisk designverktøy med mange muligheter. ⭐️
  • Pixlr – online fotoredigerings- og designverktøy. Finst på norsk.

🧑🏻‍💻
Produktivitet og samhandling

  • Figma – programvare for design, prototyping og samhandling. ⭐️
  • Miro – samhandlingsverktøy som er perfekt for prototyping og online workshops.
  • MindNode – enkel programvare for å lage tankekart. Kun for Mac og iOs.
  • Notion – produktivitetsverktøy med gir deg mange moglegheiter. ⭐️

📸
Foto- og illustrasjonsarkiv

Foto

  • Unsplash – gratis bilder med høg kvalitet. ⭐️
  • Pexels – gratis bilder med høg kvalitet. Finst på norsk.
  • Stockup – gratis bilder med høg kvalitet.
  • Picography – gratis bilder med høg kvalitet.
  • Pixabay – gratis bilder med høg kvalitet.
  • New Old Stock – eit fotoarkiv med gamle bilder.
  • Freepik – gratis bilder, og mykje anna.

Illustrasjonar

  • Freesvgillustration – flotte, gratis illustrasjonar i svg og png.
  • Undraw – flotte, gratis illustrasjonar i svg og png.
  • Drawkit – flotte, gratis vektor svg illustrasjonar. Må ha konto.
  • Blush design – illustrasjonar du kan endre på. Må ha konto.
  • Storyset – flotte, gratisk illustrasjonar som du kan endre på.

Ikon

  • Flaticon – gratis ikon og stickers.
  • Iconfinder – gratis ikon og stickers. Hugs å filtrere på «free». ⭐️
  • Icons8 – gratis ikon, og mykje anna.

📊
Databehandling og visualisering

🌎
Bygge nettstad

  • Google Sites – bygg ein nettstad. Alt du treng er ein Google-konto. ⭐️
  • Typedream – bygg ein nettstad. Ei side er gratis.

🤖
Automasjon og kunstig intelligens

  • Zapier – automasjon av livets små oppgaver. ⭐️
  • If this then that (IFTTT) – automasjon av livets små oppgaver.
  • Dall-E 2 – djuplæringsmodell for å generere digitale bilder fra naturlige språkbeskrivelser.
  • Dreamstudio – djuplæringsmodell for å generere digitale bilder fra naturlige språkbeskrivelser.
  • ChatGPT – En prototype kunstig intelligens chatbot som spesialiserer seg på dialog.

Dersom du har tips til andre verktøy som bør vere med kan du sende meg ei melding og så oppdaterar eg sida.

Les meir: 7 steg – Bli LinkedIn-ekspert på slide-dokument