Sjølv om vi har vore venar sidan tidleg 2000-talet virkar det som at eg veit meir om dokke enn omvendt.

Det som er rarast er at dokke veit meir om meg når eg ikkje er logga inn enn når eg er logga inn. Merkeleg.

I dag tok eg ein kik på dagens anbefalingar på framsida på appen dokka og eg blir litt bekymra:

  • Skuretreskar
  • Modelljernbane
  • Syltepressar
  • Ponni
  • Lego
  • Leilighet til 35 millionar
  • Grasklippar
  • Katt
  • Frimerkealbum
  • Gravid-kjole
  • Svart body (for damer)

Det kan virke som at dokke trur eg er ein bonde med stor gard på vestlandet og med eit auge for dameklede. Sjølvsagt med svær hage fullt av frukttre og bærbusker. Dette er ikkje meg. Dokke har nok forveksla meg med min gode barndomskompis Asgeir – utan at skal seie for mykje om hans hang for dameklede.

For å rette opp i dette har eg difor laga ein rask presentasjon for å fortelle litt meir om meg sjølv. Kos dokke.

❤️

Les heile innlegget på LinkedIn.


Klikk under for å sjå 10 bevis på at Finn.no ikkje veit kven eg er.

About Kristoffer Førde Aarskog

Personleg blogg om teknologi og digitalisering.

View all posts by Kristoffer Førde Aarskog

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *