Clubhouse har tatt Norge og verda med storm og som andre sosiale medium blir det både elska og hata. Clubhouse er støy, tidsfordriv og personvernproblem, men det er også lærerikt, morosamt og sosialt. Timinga kunne knapt passa bedre no snart eit år inn i pandemien. Ingen veit heilt kva Clubhouse er og enda færre kva det skal bli. Clubhouse held fram sin kraftige vekst, men har dei livets rett?

Dette er eit forsøk på å sette ord på mine personlege opplevingar og spådommar etter omtrent 20 dagar på Clubhouse.

Kva er Clubhouse?

La meg berre kjapt oppsummere. Clubhouse er ein ganske ny app kor det er mogleg å opprette åpne eller lukka rom der ein kan snakke – eller berre lytte. Desse romma består av ei slags scene (dei som kan snakke og lytte) og ein sal (dei som berre kan lytte). Om du sit i salen kan du rekke opp handa ✋🏼 og be om å få komme opp på scena. Romma er styrt av ein eller fleire moderatorar som styrer kven som får komme opp på scena og kven som må forlate scena. I vilkåra til Clubhouse blir det også sagt at det ikkje er lov å ta opptak av samtalar på Clubhouse – med mindre alle som er i rommet har blitt informert om dette.

I tillegg er det verdt å nemne at Clubhouse er ein app som, enn så lenge, kun er tilgjengeleg gjennom Appstore – noko som betyr at den kun er tilgjengelig for dei som har iPhone eller iPad. Appen er også i ein slags beta-fase kor det berre er dei som blir invitert som får lov til å vere med.

Dette likar eg med Clubhouse

Ei sosial livbøye

Eg sit til dagleg på heimekontor og snakkar med kollegaer og samarbeidspartnarar på Teams. På kveldstid og i helgane tek eg mitt dugnadsansvar og held meg borte frå andre mennesker så godt det lar seg gjere. Over tid kan dette bli svært monotont og det skjer eigentleg ikkje så mykje spennande i kvardagen. Clubhouse har opna ei heilt ny verd kor eg får tilgang til samtalar om alle moglege tema. Det er ikkje like innpakka og strukturert som ein podcast, men eg trur faktisk det er denne forma som lokkar folk tilbake. Ein lærer seg også raskt å identifisere dei romma som ikkje er interessante og kan da enkelt smyge seg ut ved å trykke på «✌🏽leave quietly».

Stor fridom

Om ein går på ein konferanse eller eit stand up-show må ein sette av tid til å komme seg dit, betale billett for å komme inn, sette seg ned blant publikum og sitte der til showet er over. På Clubhouse er det mogleg å komme inn i eit rom når ein vil, det er gratis, det er mogleg å delta i diskusjonen om ein ønskjer dette og ein kan gjere akkurat det ein vil mens dette held på. Eg høyre til stadighet om folk som vaskar huset, tek oppvasken, går tur, tar ein joggetur, sit i bilen osv. Når dei vil hive seg med i samtalen er det berre å stoppe opp og rekke opp handa. Det er ingen som bryr seg om kva du driv på med så lenge du seie noke fornuftig og har god lyd. Dette er ein fridom eg likar.

Det blir snakka mykje om at Clubhouse er ein eksklusiv klubb for inviterte og folk med iPhone, men å sette opp ein konferanse med ein populær foredragshaldar midt i Oslo sentrum er også ein eksklusiv klubb. Det er for folk som har tid, har råd og som er i geografisk nærleik.

Mange interessante folk

Noke av det eg likar best med Clubhouse er alle dei kule og interessante folka eg har oppdaga og no følgjer. Dette kan vere folk vi er vane med på TV, konferansar og liknande, men like viktig er folka eg aldri har høyrt om før – og som eg mest truleg ikkje hadde høyrt om om det ikkje var for denne rare appen. Det er forfriskande med nye stemmer og meiningsytringar og sjølv om folk er raske med å kalle Clubhouse for eit ekkokammer så kan faktisk dette ha ein motsatt effekt.

Velg det du vil

Verdien av Clubhouse ligg ikkje i å hive seg inn i alle mulige rom og følgje alle ein kjem over. Da vil dette opplevast som eit gigantisk tidssluk og ein blir fort lei. Etter at den første forelskelsen er over er det viktig å fokusere på dei romma som levera det dei lovar (i tittelen) og som har gode moderatorar. Eg er sjølv ein fagnerd på ulike tema, som f.eks. innovasjon, og her har eg funne eit par rom som inviterer til debatt på faste tidspunkt kvar veke. Som mange andre sosiale medium handlar det om å navigere seg fram i ei svært omfattande verd og dersom du skal prøve å få med deg alt blir ein fort utbrent.

For underhaldinga sin del kaster eg meg av og til inn på litt andre typar rom som f.eks. “Bård lufter Nytt på Nytt sakene for Harald og Thomas” eller “SpårtsClub House”. Desse er nok ikkje planlagde rom, men mest sannsynleg berre ein test. Om ein held augene åpne dukkar det opp slike rom frå tid til annan.

Illustrasjon av Clubhouse og kule rom

Dette likar eg ikkje med Clubhouse

Personvern

Clubhouse er ein app som er lansert i EU og EØS utan å følge personvernforordninga (GDPR). Dette er ikkje anbefalinger eller forslag, men lover. Det vil seie at virsomheter pliktar å følge desse forordningane og ved brot kan det straffast med bøter opp til 10 millionar Euro eller opp til 2% av global omsetning foregåande år – avhengig av kva som er høgast.

Clubhouse si personvernerklæring nemner ikkje GDPR i det heile og har ikkje tatt inn pliktig informasjon som f.eks. rett til innsyn, retting, sletting av personopplysninger m.m. Det er mange som har tatt kontakt med Clubhouse for å t.d. få sletta telefonlistene knytta til sin konto, men eg har framleis ikkje høyrt noko om korleis dette har gått. Og korleis kan vi stole på at eit amerikansk selskap med amerikanske serverar faktisk slettar denne dataen?

Dette problemet blei eit tema etter at Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland lasta ned appen, delte si telefonliste og inviterte til debatt på Clubhouse.

🔗 Sjå intervju på TV2 med Linda Hofstad Helleland og Hans-Petter Nygård-Hansen.
🔗 Følg med på endringane til Clubhouse i deira “Release notes”

Skyggeprofilar

Dei siste vekene har det dukka opp mykje kritikk knytta til dette med delte telefonlister og skyggeprofilar. Når du deler di telefonliste deler du telefonnummer og namn på alle du har lagra på din telefon og desse telefonlistene blir samanlikna med alle andre som deler sine telefonlister. For alle telefonnummer som blir delt blir det laga ein skyggeprofil – uavhengig av om dei har gitt samtykke til dette eller ikkje. Denne skyggeprofilen blir deretter brukt til å komme med forslag på kven av dine kontakter du bør invitere inn i Clubhouse.

Som eksempel får eg opp at Mega Sushi på Torshov har «134 friends on Clubhouse». Det vil seie at det er 134 personar som har delt telefonnummeret til Mega Sushi. Ein bagatell tenkjer du kanskje, men dette blir litt verre om det plutselig er knytta til meir sensitiv data enn sushi – som f.eks. ein psykolog eller hemmelege telefonnummer frå ein utanriksminister.

Om eg skrur av delinga av kontakter med appen får eg ikkje lenger lov til å invitere inn nye brukarar.

🔗 Confrere-gründer Ida Aalen er ei av mange som har kommentert dette.

Illustrasjon av Clubhouse og invitasjonar
Det er ikkje mogleg å invitere inn nye brukarar dersom ein skrur av deling av kontakter i innstillingane på iPhone.

No har det seg slik at både Linda Hofstad Helleland, Hans-Petter Nygård-Hansen, underteikna, og svært mange andre, alle har gått på limpinnen når det gjeld å samtykke til Clubhouse sine vilkår og dele telefonlista med Clubhouse. I iveren etter å prøve noko nytt var vi vel i beste fall naive, men dette er sjølvsagt meir alvorleg for ein minister enn for mannen/dama i gata.

Move fast and break things” har lenge vore ein populær sjargong og leveregel i start up-miljøa. Det er viktigare å få opp brukarbasen og verdisettinga på selskapet enn å følge lover og reglar. Historisk sett har jo konsekvensane av å bryte lover vore relativt milde og ofte bevegar tech start ups seg inn i gråsoner det tek lang tid å regulere.

Growth hacking

Det er nok fleire grunnar til at Clubhouse har ein kontrollert utrulling som er basert på invitasjonar. Ei side kan vere at skaleringa må skje gradvis for å klare å levere ei stabil tjeneste utan nedetid og med god kvalitet på lyd. Ei anna side trur eg er ein strategisk beslutning knytta til growth hacking. Clubhouse har i praksis ein strategi som på engelsk blir kalla «Velvet rope strategy» for å skape eksklusivitet gjennom ein kombinasjon av invitasjonar og strategisk opphausing.

Det er litt rart å sette dette punktet på lista over ting eg ikkje likar med Clubhouse, sidan dei faktisk gjer ein ganske god jobb, men at dette blir prioritert framfor å tilrettelegge tjenesten for GDPR er ikkje akkurat tillitsvekkande.

Sjølvpromotering

Sidan eg fekk innpass i appen har eg hatt ei oppleving av at det skjer ein voldsom posisjoneringsmaktkamp på Clubhouse og eg får av og til kjensla av at eg har komt inn i eit rom med 100 kyllingar med avkappa haud som spring rundt i panikk.

Det er om å gjere å starte flest mulige rom og heile veien promotere seg sjølv eller sitt selskap. Forstå meg rett; folk skal sjølvsagt få lov til å promotere seg sjølv og sitt selskap, men ein treng ikkje å nemne det i annankvar setning. Dette virkar berre mot sin hensikt.

Dårleg modererte rom

Dette punktet talar litt for seg sjølv. For å få noko positivt ut av eit rom må dei modererast på ein skikkelig måte. Om det blir frislepp sklir det ut ganske raskt. Tema skiftar hyppig, folk snakkar i munnen på kvarandre og rommet kan plutselig vare i 6 timar utan at eit spesifikt tema har blitt diskutert. Når ein ikkje har sosialisert noke særleg det siste året blir plutselig ein prat om kva du har på brødskiva interessant. Det er sjølvsagt dei som er på utkikk etter nettopp dette, men eg klare meg fint utan.

Kva vil skje framover?

Eg drista meg frampå med nokre spådommar.

Hypen vil gradvis avta

Når vi nærmar oss sommaren trur eg den store hypen vil begynne å avta – sjølv om Clubhouse kan få eit nytt hopp når dei slepp til Android-brukarane. Eg trur at folk vil gå lei og så trur eg at folk er desperate etter å komme seg ut og møte folk igjen. Clubhouse vil likevel ikkje forsvinne, men det vil bli mindre aktuelt.

Ein konferanse-killer

Dei siste åra har eg brukt stadig mindre tid på konferansar. Det er kostbart, tidkrevande og det gir meg som regel lite verdi tilbake. Vi har i dag Youtube, TedTalks, podcastar m.m. – og det aller meste er berre eit Duck Duck Go-søk 🐣 unna (eg prøvar å bytte…).

Utan å overdrive trur eg at eg har fått meir verdi ut av Clubhouse dei siste 20 dagane enn eg har fått av diverse konferansar dei siste tre åra – både på innhald og på nettverksbygging.

Styrkane til klassiske konferanser er nettverksbygging og gode sceneshow, medan styrkane til Clubhouse er at det er gratis, du kan gjere andre ting mens du lyttar, det er mindre tidkrevande, du kan aktivt delta og du har mykje meir å velge mellom.

Det er kanskje litt brutalt å kalle det ein konferanse-killer, men det blir utvilsamt ein sterk konkurrent. Når Clubhouse på eit eller anna tidspunkt får kobla på ein betalingsmodell vil det bli endå meir attraktivt for foredragshaldarar – som mest sannsynleg ikkje vil fortsette å gi vekk sine tjenester gratis. Denne næringa må ta eit blikk i speilet og gjere ei vurdering på korleis framtida vil sjå ut og kva rolle dei skal ha i den.

Oslo Business Forum er allereie på ballen og testar ut Clubhouse med faste rom kvar mandag til torsdag kl. 19:00 (eller noke sånt). Dei viser at i staden for å sjå an kva som skjer tek dei skeia i eiga hand og gjer seg opp eigne erfaringar.

Clubhouse må tjene pengar

Clubhouse har i dag ei verdisetting på 1 milliard dollar 💰 og på eit eller anna tidspunkt må dei begynne å tjene pengar. Det er vanskeleg å seie kor tid det kjem til å skje, men at det skjer er vel utanfor all tvil. Dei må først nå kritisk masse før dei tør å gjere noko slikt samt at dei må få på plass teknologien og klare å skalere dette utan at det forringar brukaropplevinga. Det er mest naturleg å tenke seg at dei vil gjere dette gjennom å koble på ein annonseplattform eller så kan det vere at ein må betale for å komme inn på eit rom og så er det ein splitt mellom dei som arrangerar rommet og Clubhouse. Mest sannsynleg begge deler, men dei har nok på blokka mange andre variantar som f.eks. tipsing eller betalt medlemskap i rom eller klubbar.

Good artists copy; great artists steal

Eit frekt lite sitat fra sjølvaste Steve Jobs 🍎 for dramatisk effekt, men den store trusselen til Clubhouse ligg i at modellen er svært enkel å kopiere – eller stjele. Twitter og Facebook treng ikkje bruke mykje tid eller krefter til å få dette til og har alt som trengs for å overkøyre Clubhouse. Rykter vil ha det til at både Twitter og Facebook allereie er i gong. Eg trur difor at før vi har komt halvveis i 2021, ser vi ein konkurrerande tjeneste frå ein av dei store teknologiaktørane. Det er òg sannsynleg at dei kan bli kjøpt opp, slik som Instagram blei kjøpt opp av Facebook, men med dagens fokus på antitrust i USA tvilar eg på at det vil skje.

Vi slepp ikkje unna trolla

Klimaet i dei romma eg har deltatt har så langt vore bra. Mange rom er kaotiske og folk snakkar i munnen på kvarandre, men det er alltid ein høfleg tone. Dette trur eg vil endre seg. Troll finst overalt og Clubhouse vil ha dei same utfordringane som andre sosiale plattformer. Falske nyheter, falske navn, drittslenging o.l. Det kjem. Det kan likevel vere at det er lettare å kontrollere dette på Clubhouse enn på t.d. Facebook sidan moderatorane i kvart rom har ganske stor makt til å faktisk å ha kontroll på dette (kan bestemme kven som får snakke). Det blir spennande å følge utviklinga.

Nokre ord til slutt

Dette blei svært mange ord og eg er litt usikker på om Clubhouse har gjort seg fortjent til så mykje oppmerksomhet. Likevel pregar Clubhouse det norske og det internasjonale nyhetsbildet. Det betyr at uansett om du likar tjenesten eller ikkje så har det forstyrra kvardagen vår.

Personleg har eg hatt mykje glede av tjenesten så langt, men eg trur eg kjem til å bruke den mindre i tida framover. Mi frykt for å gå glipp av noko (FOMO) blir stadig mindre og dette er kanskje den største trusselen til Clubhouse. Eg har funne nokre gode rom som har faste tidspunkt kvar veke og eg har funne masse interessante mennesker som eg har valgt å følgje. Dei støyete folka og dei støyete romma held eg meg rett og slett unna.

About Kristoffer Førde Aarskog

Personleg blogg om teknologi og digitalisering.

View all posts by Kristoffer Førde Aarskog

One Comment on “Clubhouse – skapt for pandemi”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *