Det er urovekkande at Elon Musk, verdas rikaste mann og ein mann utan impulskontroll, kjøper ein plattform med så stor påverknadskraft som Twitter. Er det på tide å slutte med Twitter, eller skal ein stole på at Musk klarer å løyse eit av samfunnets vanskelegaste utfordringar – nemleg ytringsfridomen?

Les forkorta debattinnlegg i Aftenposten: Er det på tide å forlate Twitter?

Makta til Twitter

Illustrasjon av liten blå fugl fanga i eit bur i ein mørk kjellar
Det store spørsmålet er om Twitter-fuglen sit på innsida eller utsida av buret. Foto: Kristoffer Førde Aarskog med bilde generert ved hjelp av Dall-E-2.

Twitter er ikkje like dominerande i Norge som i mange andre land, men særleg i USA har Twitter stor dominans og påverknadskraft i samfunnet. Gjennom appen kan kven som helst, til einkvar tid, ytre sine meiningar.

Det som i 2006 starta som ein artig liten app har no utvikla seg til noke heilt anna. Dei siste åra har samfunnet i større grad blitt polarisert og oversvømt av falske nyheter. Sosiale medier har blitt brukt til å påverke presidentval og det blei tydeleg etter den mykje omtala Cambridge Analytica-skandalen som involverte Facebook.

Den store diskusjonen no handlar om ytringsfridom. Eit vanskeleg tema. Mange meiner at sosiale plattformer som Twitter og Facebook bør ha total ytringsfridom og at ein kan seie akkurat det ein ønskjer utan sensur eller konsekvensar. Andre meiner at det ligg eit stort ansvar på ein plattform som Twitter og at det må modererast. Med over 238 millionar daglege aktive brukarar over heile verda seier det seg sjølv av dette er ei svært omfattande og vanskeleg oppgåve.

Elon Musk seier at han skal “fikse Twitter” ved å tillate meir enn dagens Twitter har gjort og han skal moderere ved å m.a. ta i bruk kunstig intelligens. Ingen veit kva som faktisk vil skje sidan han ikkje har presentert ein plan for kva han ønskjer å gjere. Det meste kjem som kryptiske postar på Twitter.

Les meir: Elon Musk says Twitter will have a content moderation counsil

Alternativ til Twitter

Illustrasjon av ein blå fugl med svarte auger som sit på kjetting, med logoar frå  Twitter Truth Social Mastodon og Parler
Alternativa står i kø. Foto: Kristoffer Førde Aarskog med bilde generert ved hjelp av Dall-E-2.

Ein kan seie at Elon Musk er ein dyktig seriegründer som har vore involvert i å skape mange suksessfulle selskap. Å “fikse” Twitter bør vere enkelt om ein klarer å sende ein rakett til Mars, ikkje sant?

På den andre sida er han ei laus kanon som skriv provoserande meldingar på Twitter til alle døgnets tider. Dette inkluderer blant anna markedsmanipulasjon, kjønnsdiskriminering, ærekrenking, antisemittisme, linking til falske nyheter og mange andre eksempel.

Dei fleste blir nok likevel verande rett og slett for å sitte på fremste rad på Sirkus Musk. Få snur seg som kjent vekk når ein køyre forbi ei bilulykke.

Ikkje alle kan velge sidan dei allereie har blitt kasta ut eller supendert. Den mest kjende er nok Donald Trump som blei permanent supendert etter sine tirader etter valgnederlaget mot Joe Biden. Dette skapte behov for fleire alternativ. Nokre har forsøkt å emulere Twitter, som f.eks. Truth Social, Parler og Gab. Det kan likevel nemnast at desse passar best for dei meir konservative og langt ute til høgre på den politiske skalaen.

Mastodon er eit desentralisert og open source-alternativ som gjer det mogleg for kven som helst å starte sitt eige sosiale nettverk. Du finn mange alternativ på joinmastodon.org og det finst òg norske alternativ som heiter t.d. snabelen.no og oslo.town. Ingen av desse alternativa har særleg mange brukarar, men det kan fort endre seg framover.

Les meir: Dette er Mastodon – trur eg

Twitter er kanskje dei som er nærast eit godt alternativ til … Twitter. I 2019 lanserte Twitter eit initiativ dei kalla Bluesky. Dette var meint som eit frittståande og uavhengig alternativ til Twitter som hadde i oppgåve å utvikle ein åpen og desentralisert standard for sosiale medier. Det er ikkje så mykje informasjon om kor langt dei har komt, men det er mogleg å melde seg opp på venteliste for å kunne prøve ut betaversjonen. Ingen veit når betaversjonen opnar opp, men eg tippar det skjer innan utgangen av 2022. Du kan òg følgje Bluesky på Twitter. Sist ut er ein teneste som heiter Post. Du kan melde deg opp på venteliste om du ønskjer.

Genistrek eller eit av dei verste oppkjøpa?

Eg er bekymra over framtida til sosiale nettverk og måten dei påverkar vårt samfunn på. Når mange no vel sine eigne plattformer basert på kva haldningar eller politiske meiningar dei har, vil det etter kvart skape store og farlege ekkokammer.

Når desse plattformene i tillegg er laga for å tene pengar, er det lett å tenke seg at det er investorane, og ikkje brukarane, som blir prioritert.

Ja, ja. Verda vil uansett gå vidare, og vi vil tilpasse oss det nye. Historia vil vise om dette var nok eit genitrekk av Musk, eller om det blir hugsa som eit av dei verste oppkjøpa i amerikansk historie.

Eg blir verande på Twitter – enn så lenge, men eg har allereie laga meg konto på Mastodon og meldt meg på venteliste hos Bluesky og Post.


Litt ekstra informasjon

Twitter er eit amerikansk selskap innan sosiale medier som blei stifta i 2006 av Jack Dorsey, Noah Glass, Biz Stone og Evan Williams. Selskapet held til i San Fransisco, USA, og har over 7,500 ansatte. Selskapet gjekk offentleg i 2013.

  • Musk begynte å kjøpe Twitter-aksjer allereie i januar 2022 og i april 2022 var Musk største eigar med sine 9,1%.
  • I april 2022 tilbydde han seg å kjøpe Twitter for 43 milliardar dollar, men tilbodet blei avvist av Twitter-styret som benytta seg av ein strategi som blir kalla for “poison pill” for å sikre seg mot ei fiendtleg overtaking av selskapet.
  • Den 25. april 2022 godkjente Twitter eit bod på 44 milliardar dollar og med ein intensjon/lovnad om å ta selskapet privat.
  • I juli 2022 uttalte Musk at han hadde som intensjon å bryte kjøpsavtalen med henvisning til bl.a. eit stort antall falske kontoar. Dette har av mange blitt sett på som ein strategi for å få ned prisen eller komme seg ut av avtalen.
  • Twitter saksøkte Musk og rettsaken var satt opp 17. oktober 2022. Nokon veker før oppstart av rettsaken annonserte Musk at kjøpet ville bli gjennomført i henhold til avtalt pris.
  • 27. oktober fullførte Elon Musk overtakinga av Twitter – til bodprisen på 44 milliardar dollar.

About Kristoffer Førde Aarskog

Personleg blogg om teknologi og digitalisering.

View all posts by Kristoffer Førde Aarskog

One Comment on “Er det på tide å forlate Twitter?”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *