Illustrasjon av redd liten blå fugl som blir fanga av ei snor

Er det på tide å forlate Twitter?

Det er urovekkande at Elon Musk, verdas rikaste mann og ein mann utan impulskontroll, kjøper ein plattform med så stor påverknadskraft som Twitter. Er det på tide å slutte med Twitter, eller skal ein stole på at Musk klarer å løyse eit av samfunnets vanskelegaste utfordringar – nemleg ytringsfridomen?

Er det på tide å forlate Twitter? Les meir
Logitech tastatur og rubiks kube

Korleis skrive teikn med aksentar på Mac

Har du vanskar med å hugse korleis ein skriv bokstavar med diakritiske teikn på Mac? Eg brukar ganske ofte gravis (`) eller akutt aksent (´), men eg klarer sjeldan å hugse på om eg skal bruke Shift, Option eller Command på tastaturet. Etter kvart har eg funne ein bombesikker metode som har gjort livet mitt så mykje enklare.

Korleis skrive teikn med aksentar på Mac Les meir
Skilt med ordet Clubhouse og pil til venstre og ei vinkande hand

Clubhouse – skapt for pandemi

Clubhouse har tatt Norge og verda med storm og som andre sosiale medium blir det både elska og hata. Clubhouse er støy, tidsfordriv og personvernproblem, men det er også lærerikt, morosamt og sosialt. Timinga kunne knapt passa bedre no snart eit år inn i pandemien. Ingen veit heilt kva Clubhouse er og enda færre kva det skal bli. Clubhouse held fram sin kraftige vekst, men har dei livets rett?

Clubhouse – skapt for pandemi Les meir