I forrige veke var det på tide å klippe håret. Det var begynt å bli langt og vanskeleg å kontrollere.

Eg klipper meg som regel hos same frisørsalong, men eg har ikkje ein fast frisør. Det vil seie at det ofte kan ta lang tid mellom kvar gong eg blir klipt av den same frisøren. Kvar gong eg set meg ned i frisørstolen må eg difor ta stilling til det same spørsmålet:

«Korleis vil du bli klipt i dag?»

Ja, som regel på austlandsk eller engelsk, vel å merke. Eller svensk.

Eg har lyst til å seie:

«Same som sist!»

Utan at det vil hjelpe. Dei hugsar jo ikkje kven eg er eller korleis eg klipte meg sist. Eg var jo faktisk ganske fornøgd sist gong.

Ein lett panikk breiar seg over meg i det eg forstår at eg nok ein gong ikkje er godt nok forberedt. Og eg syns det er alt for flaut å leite fram eit bilde av David Beckham på telefonen – i mangelen på nokon gode alternativ. Eg svarar difor det same som alltid:

«Tja, kort på sidene og behald litt lengde på toppen.»

Og så legg eg inn ein tørr vits og vi pratar om véret eller Trump – noko som oftast er både hyggeleg og interessant.

Resultatet blir som regel bra, men det er litt forskjellig kvar gong.

Kvifor er det ikkje mogleg å lagre di forrige frisyre i datasystema til frisørane? Ja, anten som eit bilde eller kanskje som ein eller annan kode. Eller kanskje begge deler.

Kanskje min hårsveis kan heite KS3M:T8S. Altso kort på sida, 3mm med maskin og 8 cm på toppen med saks. Når eg tenker meg om bør nok dette kodesystemet lagast av nokon som er litt smartare enn meg. Poenget er likevel det same.

Men kanskje dette ikkje er retninga å gå. Kanskje det er viktig at det held fram slik det er i dag. Slik at vi kan få snakke litt med frisørane og øve oss på å vere sosiale — i eit samfunn som i større grad gjer seg avhengig av digitaliserte system og tenestar. Kanskje er frisøren den plassen kor alt ikkje treng å vere hyperoptimalisert og enkelt, men behalde litt av det manuelle og gje deg eit resultat du ikkje heilt klarer å kontrollere.

Og dersom resultatet ikkje blir heilt som du hadde forventa kan det kanskje vere du blir positivt overraska. Det kan tenkast at det berre er deg sjølv som likar KS3M:T8S og ingen andre.

Er du lite nøgd med resultatet kan du uansett vere sikker på at i løpet av eit par månader er håret nok ein gong langt og ukontrollerbart.

Og da er vi i gong igjen:

«Korleis vil du bli klipt i dag?»

Mann i frisørstol med ipad som blir klipt av frisør
Illustrasjon: UnDraw

Foto i toppen er basert på mugshot-bakgrunn frå dgim-studio / Freepik

About Kristoffer Førde Aarskog

Personleg blogg om teknologi og digitalisering.

View all posts by Kristoffer Førde Aarskog

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *