Du har kanskje sett alle dei rare bilda som har dukka opp på internett og i sosiale medier den siste tida. Mange av desse er laga ved å bruke kunstig intelligens (AI) og no skal eg vise deg to tenester som du kan prøve ut – heilt gratis og rett i nettlesaren din.

Sjølv brukar eg desse tenestane når eg har behov for eit illustrasjonsbilde til ein artikkel eller ein presentasjon. Eller så vil eg berre lage noko kult. Du eig i utgangspunktet rettighetane til dei bildene du genererar, men lovar og reglar knytta til dette er framleis usikre og mykje vil nok endre seg framover.

Les meir: Who owns the copyright in AI-generated art?

Desse tenestane er basert på noko som heiter “text to image”. Det vil seie at du rett og slett skriv ein tekst (òg kalla prompt på engelsk) og så blir bildet generert basert på denne teksten.

Det er derfor viktig å skrive ein veldig god “prompt”, men med litt øving er det ikkje så vanskeleg. Her er ein artikkel som gir deg mange gode tips til kva type tekst du kan skrive inn. Ofte må ein fininnstille teksten for å få det resultatet ein ønskjer. Eit tips er å legge inn namnet på ein kunstnar som representerar den stilen du vil ha, men dette kan òg føre til at resultatet vandrar over i copyright-land. Men ikkje vér redd.

Du må, enn så lenge, skrive på engelsk for å få gode nok resultat.

Begge tenestane fungerar rett i nettlesaren din og det er svært enkelt å kome i gong.

Les meir: Slik finn du gratis bilder

Dall-E 2

Lag konto her: https://labs.openai.com/signup

Den første tenesta heiter Dall-E og den er den enklaste å bruke. Det er gratis å lage konto og du får umiddelbart utlevert 50 credits den første månaden. Kvar nye månad får du utlevert 15 nye credits, men vér obs på at overskytande credits ikkje blir overført til neste månad. Så ingen vits i å spare.

Det kostar 1 credit per gong og det blir då generert 4 forskjellige kvadratiske bilder i storleiken 1024×1024 px. Du kan lage fleire variantar av det bildet du likar best, men det vil koste deg 1 ekstra credit.

Her er bilda eg fekk generert ved å bruke følgande prompt (trykk på bilda for større versjon):

photo of an extremely cute cat with big eyes sitting on the hood of an old car, dream-like atmosphere, suburban, concrete, serenity, sunny, –uplight –no text, blur

Dreamstudio

Lag konto her: https://beta.dreamstudio.ai/dream

Denne tenesta er ganske lik Dall-E 2. Det er gratis å lage konto og du får umiddelbart utlevert 200 credits. Du får ikkje utlevert fleire credits etter dette, men det er mogleg å kjøpe meir.

Dreamstudio gir deg litt fleire val enn Dall-E 2. Du kan endre innstillingar, som f.eks. høgde og bredde på bildet, eller antall bilder som skal genererast. Merk at for kvar endring du gjer så kan dette medføre at det “kostar” deg fleire credits.

Her er bilda eg fekk generert ved å bruke følgande prompt (trykk på bilda for større versjon):

portrait photo headshot by munch, sharp focus, elegant, render, octane, detailed, award winning photography, masterpiece, rim lit

Lykke til vidare som AI-kunstnar. Håper du får like mykje glede av å bruke desse tenestane som eg har hatt. Vi har allereie fått AI-funksjonar rett inn i Photoshop, og det fungerar strålande. Eg gledar meg til å sjå kva andre bruksområder vi får i framtida.

About Kristoffer Førde Aarskog

Personleg blogg om teknologi og digitalisering.

View all posts by Kristoffer Førde Aarskog

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *