Har du vanskar med å hugse korleis ein skriv bokstavar med diakritiske teikn på Mac? Eg brukar ganske ofte gravis (`) eller akutt aksent (´), men eg klarer sjeldan å hugse på om eg skal bruke Shift, Option eller Command på tastaturet. Etter kvart har eg funne ein bombesikker metode som har gjort livet mitt så mykje enklare.

Slik gjer du det

Trykk og hald inne ønska bokstav på tastatur (t.d. a eller e).

Vent til aksentmenyen dukkar opp.

Velg riktig bokstav ved å:

  1. Taste inn riktig nummertast
  2. Bruke piltast høgre/venstre og trykk Enter
  3. Klikke med musepeikar

` – Gravis

Teikn med gravis | grav aksent | ventreaksent

À à È è Ì ì Ò ò Ù ù

Eksempel

  • Òg
  • Fòr
  • À jour
Slik skriv du teikn med gravis på tastaturet på din Mac.

´ – Akutt aksent

Teikn med akutt aksent | høgreaksent

Á á É é Í í Ó ó Ú ú Ý ý

Eksempel

  • Idé
  • Kafé
  • Diskré

Slik skriv du teikn med akutt aksent på tastaturet på din Mac.

Til slutt kan eg òg nemne at det same gjeld for t.d. iPhone. Det er berre å trykke og halde inne riktig bokstav og deretter velge riktig teikn.

Les meir: Angi tegn med aksenter på Macen (frå Apple.com/no)

Slik skriv du teikn med akutt aksent på tastaturet på din Mac.

Les meir: 7 steg – Bli LinkedIn-ekspert på slide-dokument

About Kristoffer Førde Aarskog

Personleg blogg om teknologi og digitalisering.

View all posts by Kristoffer Førde Aarskog

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *