Personvern

Om Privot

Nettstadsadressa er https://privot.org. Ansvarlig person som står bak nettstaden er Kristoffer Førde Aarskog.

Informasjonskapslar (cookies)

Denne nettstaden brukar informasjonskapsler (cookies). Dette er ei lita datafil som sendast frå min nettstad og lagrast på di datamaskin.

For å analysere trafikk og bruksmønster blir det brukt ei teneste som heiter Google Analytics. Ved å bruke denne nettstaden aksepterar du bruk av Google Analytics.

Dersom du legg igjen ein kommentar på nettstaden kan du velge om du vil lagre navn, e-post og nettadresse til neste gong du brukar nettstaden. Du vil då sleppe å legge inn denne informasjonen på nytt kvar gong du kommenterar. Ei slik godkjenning vil vere gyldig i eitt år.

Innebygd innhald frå andre nettstadar

Artiklar på denne nettstaden kan bestå av innebygd innhald frå andre nettstadar (t.d. video, bilder, artiklar, osb.). Dette innebygde innhaldet kan potensielt samle inn data om deg, bruke cookies/informasjonskapslar og/eller overvåke din interaksjon med det innebygde innhaldet.

Nyhetsbrev

For å administrere påmelding og utsending av nyhetsbrev blir det brukt ei teneste som heiter Mailpoet. Denne tenesta samlar inn data for å analysere trafikk og bruksmønster i forbindelse med kvar utsendelse.

Ved påmelding av nyhetsbrev vil ber eg om så lite informasjon som mogleg; kun e-postadresse. Alle mottakarar av nyhetsbrev kan fritt melde seg av ved å trykke på avmeldingslenke i bunn av kvart einaste nyhetsbrev som blir sendt ut.

Sletting av informasjon

Dersom du har lagt igjen ein kommentar på ein artikkel eller om du er eller har vore påmeldt mitt nyhetsbrev kan du be om at denne dataen blir sletta. Send ein e-post til admin@privot.org dersom dette er ønskeleg.