Apple har nettopp lansert MacOS Ventura og iOS 16.1 og du kan no bruke din iPhone som webkamera. Med denne oppdateringa har dei gitt oss ein av dei beste nye funksjonane på lang tid.

Utruleg videokvalitet

Mange har allereie eit webkamera, anten som frittståande eller innebygd i ei bærbar maskin. Likevel er det ganske dårlege kamera når ein samanliknar med ein nyare iPhone.

OBS: For Window-/Linux-brukarar anbefala eg bloggposten til Gaute Holmin.

Til vanleg brukar eg eit systemkamera frå Sony (A6500 med ei skikkeleg linse) med kabla overgong via Elgato Camlink 4K til ein stasjonær Mac Mini. Det var i si tid eit ganske dyrt kamera og Elgato-adapteren kostar omlag ein tusenlapp. Eg måtte òg kjøpe eit stativ til kameraet som kosta over ein tusenlapp. Hadde denne oppdateringa kome i 2020 kunne eg spart ganske mykje pengar.

Les meir: 7 steg – Bli LinkedIn-ekspert på slide-dokument

Til trass for alt dette fancy utstyret klarer eg ikkje å skape eit betre videobilde enn det eg klarer når eg brukar iPhone som webcamera. Illustrasjonsbildet under burde vere ganske overbevisande. Det som er fasinerande med å bruke iPhone som webkamera er at det tek i bruk all den prosessorkrafta som ligg innebygd i telefonen og den blir brukt “live” medan kameraet er i bruk. Dette er ikkje tilfelle når ein brukar eit systemkamera.

Samanlikning av kvalitet hos iPhone og Sony A6500
Det er ein ganske stor kvalitetsforskjell på dei to kameraa (faktisk ikkje ein skrivefeil…).

Veldig lettvint

For å kunne ta i bruk denne nye funksjonaliteten må ein oppdatere til MacOS Ventura, oppdatere iPhone til iOS 16.1 og aktivere Kontinuitet-kamera på iPhone. Deretter er det berre å sette i gong.

Sjå full beskrivelse heilt nederst i artikkelen dersom du ikkje får det til.

Når du no tek i bruk eit program som har behov for eit webkamera, som f.eks. Zoom, Teams, Photo booth eller Quicktime, kan du velje å bruke din iPhone som videokilde. Namnet på din iPhone vil rett og slett dukke opp som ei eiga videokilde.

Iphone som videokilde og webkamera
Din iPhone dukkar automatisk opp når du startar ein applikasjon som brukar webkamera.

Du kan i tillegg manipulere utsjånaden til videobildet ved å gå inn på Videoeffekter som blir tilgjengeleg øverst til høgre på din Mac når du opnar eit program som brukar eit webkamera. Her er det berre å ekperimentere med dei ulike vala I fokus, Portrett, Studiolys og Bordvisning.

Videoeffekter når ein brukar iPhone som webkamera
Dette er vala ein har når ein brukar iPhone som webkamera.

Ei etterlengta oppdatering

Eg er imponert over denne oppdateringa frå Apple og eg kjem til å ta den i bruk i staden for mitt kompliserte og kostbare oppsett. Det vanskeligaste var faktisk å montere telefonen over monitor.

Dette var berre ein kjapp reaksjon på denne nye funksjonaliteten frå iPhone, men for dei som er interessert i meir detaljar, eller om du ikkje får det til, er det mogleg å lese den detaljerte beskrivelsen under.


Detaljert beskrivelse

Oppdatering og alder på telefon

Du må oppdatere din iPhone til iOS 16.1 og den er tilgjengeleg frå iPhone 8 og nyare, iPad Pro (alle modellar), iPad Air 3. generasjon og nyare, iPad 5. generasjon og nyare, samt iPad Mini 5. generasjon og nyare. Du er avhengig av noko som heiter Kontinuitet-kamera og dette er berre tilgjengeleg på iPhone XR og nyare (alle telefonar frå 2018 og nyare).

Du må òg oppdatere din Mac til MacOS Ventura og den er tilgjengeleg på ein Mac frå lista under.

  • iMac: seint 2017 og nyare
  • Mac Pro: 2019 og nyare
  • iMac Pro: 2017 og nyare
  • Mac Studio: 2022
  • MacBook Air: 2018 og nyare
  • Mac Mini: 2018 og nyare
  • MacBook Pro: 2016 og nyare
  • MacBook: 2017

Endre innstillingar

På din iPhone går du inn på Innstillingar → Generelt → Airplay og Handoff og skrur deretter på Kontinuitet-kamera. Hugs at Bluetooth og trådlaust internett må vere skrudd på og at både Mac og iPhone er logga på den same iCloud-kontoen.

Innstillingar ein må slå på for å få iPhone som webkamera til å fungere
Alle desse innstillingane må vere påskrudd: Koninuitet-kamera, Bluetooth og trådlaust internett. I tillegg må både Mac og iPhone vere logga på same iCloud-konto.

Lykke til!

About Kristoffer Førde Aarskog

Personleg blogg om teknologi og digitalisering.

View all posts by Kristoffer Førde Aarskog

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *